Den store Sørlandschipstesten

Umami - et matprogram på Radio Nova - Ein Podcast von Radio Nova - Sonntags

I denne knaskespesialen tek vi føre oss ein ekstensiv test av utvalgte smakar Sørlandschips. Smakspanelet består av ein austlending, ein vestlending og to nordlendingar. Folk frå dei rette stadane av landet, med andre ord, til å vurdere chips laga i den norske skjærgården. Vi begir oss ut på ei smaksreise med stopp i Korea, Storbrittannia, USA og Japan. Kva smakar skapar splittelse i panelet, og kva foreslår vi som framtidige Sørlandschipssmakar? Det får du svaret på her! Med og av: Ragnhild Eikeland, Tuva Hassel (teknikk), Thea Jonette Reinfjell og Luna Storeide.