Stein Torleif Bjella om ved, vers og visu

Vekas gjest i Språkoppdraget har jobba som korrekturlesar, snikkar, lokalavisjournalist og seljar av dører, og han har komme til tredjeprøven på Teaterhøgskolen utan å komme inn. Men Stein Torleif Bjella vart skodespelar likevel. I desse dagar er han å finne på Hovudscenen på Det Norske Teatret kveld etter kveld, framfor fullsette salar av folk som vil sjå på vedarbeid. Truleg har mange av dei tatt vegen i teateret for å lytte til Bjella også, for dei vonde visune hans har blitt allemannseige.I denne episoden av Språkoppdraget snakkar Stein Torleif Bjella om korleis det er stå på teaterscenen, korleis det er å skrive songar på bestilling på få dagars varsel og om kvifor han køyrde traktor i tre dagar frå Ål til Det Norske Teatret i sommar. Vi snakkar også om forskjellen på å skrive songar og ein roman, om Bjella sitt forhold til språk og litteratur, og korleis det er for Stein Torleif Bjella å stå på scenen når heile salen syng med på dei tekstane han har skrive om staden han kjem ifrå.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.