Peder Lofnes Hauge om nynorsk, spynorsk og superhelten Ivar Aasen

Peder Lofnes Hauge skribla aldri spynorsk mordliste på den nynorske ordlista si då han gjekk på skolen. Han vaks nemleg opp omgjeven av nynorsk i Gloppen i Nordfjord, hadde nynorsk som hovudmål gjennom heile grunnskolen og vidaregåande skole, og har alltid vore glad i språket sitt. Men det var ikkje før han kom til Bergen som student at han vart nynorskaktivist. Då opplevde han for første gong å vere i mindretal og at han måtte forsvare språket sitt i mange ulike samanhengar.Det har han halde fram med, for no er Peder Lofnes Hauge leiar i Noregs Mållag, eit verv han har hatt i fire år. På landsmøtet til Mållaget i april tar han attval til leiarvervet, og i denne episoden av Språkoppdraget får han snakke om det han er aller mest opptatt av, nemleg nynorsk. Vi snakkar om nynorsk i medvind og nynorsk i motvind; om kva det er som gjer at medlemmane strøymer til Noregs Mållag for tida, kva Noregs Mållag eigentleg driv med, kvifor digitalisering er ei utfordring for nynorskopplæringa, kva det har å seie for nynorsken at Jon Fosse vann Nobelprisen i litteratur, og om mållagsleiaren får mykje kjeft for språkføringa si når han frontar nynorsken i media.Vi får også ein snikkikk inn i kulissane på sjølve nobelprisutdelinga i Stockholm i desember, for mållagsleiaren er ein av dei heldige som faktisk var til stades då Jon Fosse fekk prisen. Peder avslører også kor mykje han gler seg til premieren på Spynorsk – the musikal, og om kor oppglødd han var då han såg Frost frå rad 1 på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Og så diskuterer vi sjølvsagt kva som er dei fremste superhelteigenskapane til Ivar Aasen.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.