Olaug Nilssen om titlar, tabu og kjærleiken til musikalar

I år er det 25 år sidan Olaug Nilssen debuterte som forfattar, og i desse 25 åra har ho prega norsk offentlegheit som forfattar, redaktør, meiningsberar, litteraturmeldar, podkastvert, biograf, og som ein sterk talsperson for barn med særskilde omsorgsbehov, og foreldra deira. I Språkoppdraget snakkar Olaug Nilssen om den nye romanen sin og kvifor han har ein skrivefeil i tittelen, om kva det er ho elskar så høgt med filmen og musikalen Frost, og om kvifor ho slurvar med språket. Vi snakkar også om korleis det er å vere ei stemme for dei stemmelause, om korleis den litterære røysta hennar har forandra seg gjennom 25 år som forfattar, og om kva språk det er greitt å bruke når vi skal omtale store tabu.Olaug Nilssen feirar 25 år som forfattar i år, og markerer jubileet med å gi ut ein ny roman med ein skrivefeil i tittelen.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.