Kjersti Horn om skam, skrekk og Sigrid Undset

Å dramatisere ein roman er som å brodere ein bunad; eit helvete. Iallfall ifølge regissør Kjersti Horn, som har dramatisert ikkje mindre enn 1200 nobelprisvinnande romansider ned til eit 8 timar langt teaterstykke. Ideen hennar om å lage teater av alle dei tre banda av Kristin Lavransdotter starta med ein feilsend e-post, og enda opp i ein teatermaraton som har premiere på Hovudscenen på Det Norske Teatret i haust. Kjersti Horn er ein pratmakar og ein heilt stille person på same tid. Ho kallar seg ein språknerd, og blir rasande når nokon tuklar med teksten. «Trur du at du er betre enn Sigrid Undset?» spør Kjersti Horn då. Språket skal vere eksakt. Men forteljinga er aldri høgd i stein. Kjersti meiner at godt teater er som ei god bok, noko publikum kan dikte vidare på. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi også om skrekken for å få skrekken, om kvifor regissøren må vere den dummaste i rommet, og om å prate svensk når ein blir sint.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.