Julian Kirkeby Lysvik om steinaldernorsk og bibelnorsk

Kva har mesolittisk, eit konstruert fantasispråk frå om lag 9000 år før Kristus og moderne norsk bibelomsetjing til felles? Jo, vekas gjest i Språkoppdraget jobbar med begge delar.Julian Kirkeby Lysvik er ein ekte språknerd, språkdoktor og bibelnerd frå Kvæfjord i Troms, som fekk språkinteressa vekt gjennom alvespråket i Ringenes Herre og bibelinteressa vekt gjennom gudstrua si. I sommar vart han bønhøyrd og fekk drøymejobben i Bibelselskapet, der han arbeider med bibelomsetjing. Ikkje berre jobbar han med språket i ei av verdas mest populære bøker, han har også laga eit språk for den kjente tv-serien Beforeigners.I denne episoden av Språkoppdraget kan du lære korleis ein lagar eit 11000 år gammalt språk frå grunnen av, og få ein smakebit på korleis du snakkar det. Du får også eit lynkurs i hebraisk, eksklusive innblikk i dilemmaa bibelomsetjarar balar med, og vi snakkar om korleis det er å vere lingvist på raud løpar.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.