Herborg Kråkevik – om juleroser, julesongar og julestemning

I denne julespesialen av Språkoppdraget får vi besøk av Herborg Kråkevik. Artisten og skodespelaren har vekt til live det tradisjonsrike litterære juleheftet Juleroser. I år kjem det i si niande utgåve med Herborg som redaktør. Med nye og gamle forteljingar, dikt, julesongar og biletkunst, ønskjer ho at det skal gi ei lomme av høgtid og fred i ei travel førjulstid.Sjølv om Herborg Kråkevik arbeider med jul mest heile året, er ho ikkje lei jula når ho kjem. For når barna har lagt seg på vesle julaftan, så vaknar mor. Da skal treet pyntast, julesokkar hengast opp, og alt gjerast klart til julehøgtida. Medan lyden av kyrkjeklokkene frå heile Noreg ringer jula inn over radioen og lukta av julemat spreier seg i huset i Skagen, så kjem julestemninga for Herborg Kråkevik.I denne episoden snakkar vi også om kven Herborg blir når ho snakkar dansk. At fleire av våre vakraste julesongar og -forteljingar har komme på trass. Vi får diktlesing og avsluttar sjølvsagt med allsong rundt det imaginære juletreet! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.