Gunnhild Øyehaug om Kristin Lavransdotter, Ivar Aasen og kritisk lesing

Forfattar Gunnhild Øyehaug har alltid kjent ein sterk fellesskap med Ivar Aasen. Ho vaks opp i ein språkmedviten familie i Ørsta, har vore nynorskbrukar heile livet, og trudde på eit tidspunkt at ho var ein reinkarnasjon av Aasen sjølv. I over 20 år har ho vore ei av dei mest særprega nynorske stemmene i norsk litteratur. Sjølv om ho er utropt til ein «master of the short story», har ho med omsetjinga av Kristin Lavransdotter for Det Norske Teatret vist at ho også passar det store formatet godt.I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Gunnhild Øyehaug om å omsetje og bli omsett, om kva eit nytt språk kan tilføre ein tekst, og kva som kan gleppe i omsetjinga. Vi snakkar om fordelar og ulemper ved å vere ein kritisk lesar, og Gunnhild fortel om sitt møte med Kristin Lavransdotter. Om kvifor ho gret over arbeidet, og kvifor karakterane til Sigrid Undset alltid kjem til å vere med ho vidare i livet og diktinga. Og oppskrifta på korleis omsetje ein 100 år gamal nobelprisvinnande romantrilogi frå riksmål til nynorsk? Jo, ein startar med første setning, og når den er omsett, tek ein setning to. God lytt! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.