Gísli Örn Garðarsson om å drøyme på norsk, spele Shakespeare på tysk og lage Frost på fem nordiske språk

Teater på islandsk er leikhus, og nettopp leiken fyller dagane til årets første gjest i Språkoppdraget. Gísli Örn Garðarsson er skodespelar og regissør frå Island, som har fått den store tilliten frå Disney til å lage musikalen Frost i alle dei fem nordiske landa, på fem ulike språk. Først ute er Det Norske Teatret og Let it go på nynorsk.I Språkoppdraget snakkar han om teatermagi, språkmagi og om kvifor leikhus er eit perfekt ord for teater, om kva han har lyst til å skape med Frost, og om kvifor han begynner å drøyme på norsk etter to månader i Noreg. Vi får også eit innblikk i språksituasjonen på Island, vi får høyre om den gongen Gisli og teaterkompaniet hans spelte Romeo og Julie for fulle hus på tysk, utan å kunne eit ord av språket, og den tidlegare turnaren Gísli stiller eit av livets store spørsmål: Kvifor heiter sporten turn på norsk? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.