Erik Ulfsby om teater, tospråklegheit og kvifor det meste er best på nynorsk

Teatersjefen på Det Norske Teatret vaks opp som tospråkleg i Oslo. Han snakka Oslo-dialekt ute og nederlandsk heime, men skjønte ikkje kva han skulle med nynorsken han lærte på skolen. Etter 12 år i sjefsstolen på Noregs største nynorskinstitusjon er han igjen tospråkleg. No vekslar han mellom nynorsk og bokmål i skrift, og han har skjønt at mykje er betre på nynorsk.Erik Ulfsby er også styreleiar i Språkrådet, og har dermed det siste ordet når nye ord skal inn i ordboka. Han har fått fleire språklege kjepphestar, og er uroa for den låge språklege sjølvtilliten mange verkar å ha. Men han har stor språkleg sjølvtillit når det gjeld språkoppdraget til Det Norske Teatret. Om du lurer på kvifor Erik Ulfsby blir tatt imot som ein helt i Karasjok på grunn av ei samisk lærebok, om kvifor han synest Romeo og Julie er mest truverdige med skodespelarar i 60-åra, eller kva ord han liker aller best, bør du lytte til denne episoden av Språkoppdraget. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.