Arne Lygre om Tid for glede, tid for ros – og om å skrive sitt første teaterstykke på nynorsk

Sesong 2 av Språkoppdraget er i gang, og årets første gjest er dramatikar Arne Lygre. Han har skrive bestillingsverket Tid for glede som hadde urpremiere på Hovudscenen 29. januar, i Johannes Holmen Dahl sin regi. Stykket har fått strålande mottaking frå publikum og kritikarar. I Språkoppdraget snakkar Lygre om korleis det er å få oppdraget med å skrive for den største scenen på Det Norske Teatret, om korleis det er å ta imot så mykje ros frå kritikarane, og korleis det var for han å skrive sitt første teaterstykke på nynorsk.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.