Anna Malzer om språk, identitet og å lese seg sjølv på nynorsk

Språkoppdraget er tilbake med ein ny sesong i eit nytt år, og den første gjesten i 2024 kjem heilt frå Danmark. Anna Malzer er regissør og dramatikar, og vart Danmarks yngste teatersjef berre 27 år gammal. I desse dagar har ho permisjon frå teatersjefjobben på Mungo Park utanfor København, for å sette opp sitt eige stykke Tatovering på Det Norske Teatret på Rommen.I denne episoden av Språkoppdraget fortel Anna om korleis ho har jobba med språket sitt i vaksen alder, først med å legge vekk delar av sosiolekten sin for å gjere seg betre forstått som teaterinstruktør og respektert som teatersjef, og så korleis ho har jobba med å finne tilbake til det eigenleg språket sitt og den eigentlege seg. Ho fortel om korleis det å skrive eigen dramatikk gjorde ho til ein betre regissør, om det sterke førstemøtet med hennar eigen tekst Tatovering i nynorsk omsetjing, og om kva det er ho liker best med å jobbe på norsk. Vi snakkar også om teateret ho leiar, Mungo Park og om hennar tankar om kva som er godt teater.Vi tar oss også tid til å snakke om forskjellane og likskapane mellom dansk og norsk.Og når den eine programleiaren har kjøpt inn bollar til innspelinga, får vi oss ein god prat om bolle og andre ord som betyr heilt ulike ting på dei to nabospråka.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.