19. Vekas utvalde med Ole Bergesen 12. oktober

Radio Stryn Podcast - Ein Podcast von Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast

Podcast artwork

Ole Bergesen er fitjarbuen som tok revynorge med storm i 1995, då han entra scena på Høylandet med Ferjedirigenten. Eit nummer som representerte noko heilt nytt, og som gjekk rett heim hos publikum. Sidan då har han hatt eit innhaldsrikt sceneliv og vore primus motor for sommarrevyen på Fitjar i 22 år. Bli betre kjent med humoristen og "strynevenen" frå Fitjar!