Sport und Spaß sending 49, 24. november 2021

I denne sendinga er Skåla Opp-general Erik Rune Brendefur gjest. Til sommaren vert siste utgåva av motbakkeløpet arrangert, og vi høyrer om det er nye ting på gang. Det vert også litt mimring om tida som fotballspelar i Stryn og Loen og ein sveip innom favorittlaget Leeds. I sendinga elles høyrer du Inge Asbjørn Haugen fortelje om utfordringa han har fått frå Sport und Spaß til jubileumssendinga 8. desember- som blir den 50. i rekkja. Vi trekkjer vinnar av konkurransen og det blir eit nytt "Rim med Rakje".

Om Podcasten

I denne podcasten kan du høyre sendingane til Radio Stryn-programmet "Sport und Spaß. I tillegg finn du tidlegare sendingar av "Vekas utvalde" og litt anna snacks. Radio Stryn høyrer du også direkte på FM-bandet 104-108 eller som nettradio: fjordingen.no/radiostryn