Merka for livet

På ekta - Ryfylkepuls - Ein Podcast von Tor Øyvind Skeiseid

Ho har tatovert ei husrekkje frå heimstaden på armen. Det må vera førtiårs-krise! Eller er det ein del av Maren Landsnes sitt patriotiske engasjement for Jelsa? Då ho gjekk ut av Jelsa ungdomsskule var ikkje Jelsa ein aktuell stad å flytta tilbake til. Aldri i livet. Men, nå har ho budd på Jelsa dei siste ti åra, har mann, to barn og ikkje minst ein svær, gammal prestegard å ta seg av. Kva skjedde? Kvifor flytta Maren og familien him igjen? I den nyaste utgåva av podcasten På ekta møter Tor...