I - Reisebrev frå Chile

Epost: [email protected] Teksten til episoden: https://laernorsknaa.com/i-reisebrev-fra-chile/ YouTube: ⁠⁠⁠https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A/videos⁠⁠ Støtt podkasten: Patreon: ⁠⁠https://www.patreon.com/laernorsknaa⁠⁠ Donasjon (Paypal): ⁠⁠Doner (paypal.com)⁠ Mykje av grunnen til at eg har vert så travel i det siste er at eg skal til Chile dette semesteret for eit internship. Eg skal vera i Santiago, hovudstaden i Chile, frå januar og heilt fram til slutten av juli. Her skal eg vera studentpraktikant, eit slags internship, på Noreg sin ambassade her nede i Chile. I den samanhengen kjem eg til å skriva nokre reisebrev som eg tenkte kunne vera interessante å spela inn og publisera på podkasten. Eg må beklaga om det er litt bakgrunnsstøy, men det er ganske mykje trafikk her, så det er vanskeleg å finna ein god stad å spela inn podkasten på. La oss byrja. Flyturen Med sommarfuglar i magen og vel lite søvn er det eg kjem inn på Gardemoen 13. januar, klar til å byrja ein over 20 timars lang reise mot Chile. Etter å ha skaffa hundrevis av dokument om at eg på ingen måte er smitta med korona; at eg er vaksinert med både ein, to og tre doser med EU-godkjende vaksiner; og at eg generelt er ein snill og grei gut med ingen hensikt om å utføra terroristiske handlingar, er eg endeleg klar til å kjempa meg forbi krava til flyselskapa og diverse byråkratiske prosessar. Dette gjer kanskje eit lite innblikk i sjarmen det er å reisa i pandemitider. Første hinder, innsjekkinga, skapar overraskande mykje problem. Det tek kanskje femten minutt før eg får sjekka inn bagasjen som blir sendt rett til Santiago. Sjølv får eg derimot berre boardingkorta til Helsinki og Madrid; det siste må eg skaffa på flyplassen i Madrid. Heldigvis for meg var det meir spenning i møte. Flyet til Helsinki blei forsinka ettersom to passasjerar ikkje møtte opp til eit fly dei hadde sjekka inn bagasje for. Dermed måtte dei stakkars flyplassarbeidarane leita gjennom all bagasjen for å fjerna desse. Til slutt var me klar til å ta av, ein halvtime etter skjema. Vel framme i eit tåkefult Helsinki gjekk eg meir eller mindre rett inn på neste fly til Madrid. Flyplassen i Madrid blir gjort om til ein labyrint ettersom eg ikkje har boardingkortet til Santiago og dermed ikkje kan nytta vegen rett vidare til neste fly. Eg får forklart at: «du må gå ut til innsjekkingsområdet på flyplassen som er til høgre og deretter rett fram. Så tek du første til høgre, går opp to etasjar og finn flyselskapet ditt». Eg får stotra fram eit «muchas gracias» i det eg prøver å hugsa om det var rett fram også høgre, eller høgre også rett fram. Etter å ha hatt ein ufrivillig oppdagingsferd på flyplassen i Madrid, kjem eg endeleg til rett plass.

Om Podcasten

“Lær Norsk Nå!” is a podcast for the intermediate Norwegian learner (B1-B2) who wants to listen to authentic Norwegian spoken in a clear and slow manner. Transcriptions for the episodes are easily available at the website for the podcast, providing textual support for the spoken material. The podcast deals with many different topics including history, culture, science, literature, the Norwegian language and more; this provides the learner with a range of different topics in Norwegian, leading to ample opportunity to improve one’s Norwegian. It is also a fun and engaging way of learning!