92 - Stereotypiar om Noreg og nordmenn

Epost: [email protected] Teksten til episoden: https://laernorsknaa.com/92-stereotypiar-om-noreg-og-nordmenn YouTube: ⁠⁠⁠https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A/videos⁠⁠ Støtt podkasten: Patreon: ⁠⁠https://www.patreon.com/laernorsknaa⁠⁠ Donasjon (Paypal): ⁠⁠Doner (paypal.com)⁠ Stereotypiar er forenklingar og generaliseringar som me må ver på vakt for. Dei kan ofte vera basert på anekdotar eller feiloppfatningar. Likevel kan det av og til vera litt sanning i dei, sjølv om det finnes store individuelle forskjellar blant folk. I denne episoden skal me snakka om stereotypiar om Noreg og nordmenn. Stereotypiar blir som oftast bestemt av dei som lagar dei, og då er dei også avhengige av dei som held stereotypiane. Amerikanarar har nok andre stereotypiar om Noreg og nordmenn enn det tyskarar har. Men også dette er jo ein stereotypi frå mi side. Eg har i alle fall funne stereotypiane frå engelskspråkleg media og kjem til å diskutera desse litt nærmare. Nokre av stereotypiane er om Noreg medan andre er om heile Skandinavia. Me kan byrja med å sjå på den nettbaserte teikneserien Scandinavia and the World av Humon frå Danmark. Her ser me tre karakterar som skal representera Noreg, Sverige og Danmark. Designet av karakterane er basert på skandinaviske stereotypiar om oss sjølv. Ein stereotypi om svenskar er at dei er rike, arrogante og kan mykje om teknologi; difor har den svenske karakteren ein datamaskin, moderne briller, håret i sleik og eit arrogant uttrykk i andletet. Den danske karakteren er full og glad. Den norske karakteren har på seg ein strikka genser, turbukse og sko, ei fiskestong i dei eine handa og ein fisk i den andre. Dette er nok ein stereotypi om at nordmenn er turglade, praktiske og kanskje litt simple. Kanskje ikkje så alt for langt frå sanning. Ein annan kjent stereotypi er at nordmenn er audmjuke, litt dystre og introverte. Vel, la oss først sjå på audmjuk. Kanskje kjem dette frå at nordmenn ofte har ein litt annan kultur når det kjem til å snakka om eigne individuelle prestasjonar. Janteloven, eit norsk og dansk konsept, er at ein ikkje skal tru at ein er betre enn andre. Dette står sterkt i Noreg. Likevel er ikkje nordmenn så veldig kollektivt audmjuke. Til dømes kallar me ofte vårt eige land for «det beste landet i verda». Me er veldig patriotiske.

Om Podcasten

“Lær Norsk Nå!” is a podcast for the intermediate Norwegian learner (B1-B2) who wants to listen to authentic Norwegian spoken in a clear and slow manner. Transcriptions for the episodes are easily available at the website for the podcast, providing textual support for the spoken material. The podcast deals with many different topics including history, culture, science, literature, the Norwegian language and more; this provides the learner with a range of different topics in Norwegian, leading to ample opportunity to improve one’s Norwegian. It is also a fun and engaging way of learning!