#19: Lussekattar og spanskrør

Kva har det med å skje når ei husmor er aleine med tre ungar, og skal bake lusekattar av surdeig samstundes som ho skal putte ein vedkubbe til i omnen, men katten Karsten Warholm angrip vedkubben i det omnsdøra vert opna? Jau, då går som regel brannalarmen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Hildegunn Moltubakk er ei fråskilt trebarnsmor og husmor frå Ulsteinvik på Sunnmøre. Tidlegare var ho viden kjend som artist og songar, og har turnert land og strand i årevis saman med den gitarspelande svogeren sin, Leif-Per. Sidan Hildegunn har behelde huset og kjøpt ut eksmannen, Per-Leif, har det vore tøft økonomisk - og betre vart det ikkje då dottera, Brit-Bente, nyleg flytta heim igjen med dei fire ungane sine. Då er Leif-Per ei god støtte, og dei snakkar på telefon opp til fleire gonger i veka - som regel store spørsmål om bittesmå ting. Vil du støtte denne podkasten? VIPPS eit valfritt bidrag til 604810. Vil du annonsere på denne podcasten? Ta kontakt på [email protected] Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.