#77: Drøvtygging og symjeknapp

Er sauen ein drøvtyggar? Og er den plassert her i verda berre for at vi menneska skal kunne hovere og føle oss litt betre? I tillegg har Hildegunn no ein plan for korleis ho skal greie å selje den gamle bilen sin, utan å risikere søksmål frå kjøparen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Hildegunn Moltubakk er ei fråskilt trebarnsmor og husmor frå Ulsteinvik på Sunnmøre. Tidlegare var ho viden kjend som artist og songar, og har turnert land og strand i årevis saman med den gitarspelande svogeren sin, Leif-Per. Sidan Hildegunn har behelde huset og kjøpt ut eksmannen, Per-Leif, har det vore tøft økonomisk - og betre vart det ikkje då dottera, Brit-Bente, nyleg flytta heim igjen med dei fire ungane sine. Då er Leif-Per ei god støtte, og dei snakkar på telefon opp til fleire gonger i veka - som regel store spørsmål om bittesmå ting. Vil du støtte denne podkasten? VIPPS eit valfritt bidrag til 604810. Vil du annonsere på denne podcasten? Ta kontakt på [email protected] Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.